På Gloppen Hotell finn du til ei kvar tid eit lite utsalg med ulike delikatesser og lokale varer. Særleg no før jul er disken heilt full med ting du kan kjøpe til den som har alt. Eller til deg sjølv, og kose deg ekstra med i juletida.
I kjøledisken har vi året rundt varer frå Gloppen Mat. Pinnekjøtt, sylteflesk, hamburgerrygg, hjortemorr, hjortekarbonader, kjøttkaker, røykelaks og mykje mykje meir.
No føre jul har vi ekstra utvalg av delikatesser. Dette er importert kvalitetssjokolade, som vi brukar til våre Sjokolade- & Drikke smakingar. Her har vi godbitar som både smakar godt og tek seg godt ut. Strålande julegåver aleine, eller i kombinasjon med gåvekort.
Vi sel også fleire bøker frå vårt lille utsal. Bodils Spisskammers, vår eigen kjøkkensjef si kokebok som kom ut i fjor. Og to heilt ferske bøker: Ryper på Jakt og Norske Smakar. Velkomen innom resepsjonen for ein god handel!
De kan lese meir om våre gåvekort her.