Vi skiftar meny på hotellet jamnleg gjennom året, slik at vi alltid kan bruke dei beste råvarene som passar til sesongen. Både hausten, jula, vinteren, våren og sommaren, har sin eigen meny.
Denne veka har vi gått over til ny haustmeny, og den gledar vi oss alltid litt ekstra til. Hausten gjev oss eit skattkammer av råvarer frå Gloppen som hjort, lam, sopp, grønsaker og steinfrukter. Tradisjon tru samla alle ansatte seg på kjøkkenet til smaking av kvar einaste rett. Det skal testast ut kva for vin, øl og ferskpressa fruktdrikke som høver best attåt. Alle kokkane og lærlingane må følge godt med korleis alt skal tilberedast og servitørane skal vete kvar all denne maten kjem frå, og korleis den skal presenterast. Kenneth og Bodil, henholdsvis soussjef og kjøkkensjef, sto for kokkelleringa i eit imponerande tempo. Her kunne vi andre bare slappe av og vente på at godsakene skulle åpenbare seg, rett for rett. Her er ein av forrettane under tilberedelse; bakt fersk torsk frå Brødrene Larsen i Kalvåg. Servert med blomkålpuré, salat av tomat, lauk, sukkererter og majones av lokale urter frå Devik. Vi har samarbeida med desse flinke brødrene nokre år no, og får alltid dei beste råvarene levert, i tillegg til at dei yter heilt strålande service. Mange liker ei suppe å varme seg på no når hausten melder seg. Dette er sellerirotsuppe med heimelaga fenalår av lam frå Gloppen, servert med eple og chips. I dag har vi oppdatert menyen med potetene frå vår nyslåtte ordførar Leidulv Gloppestad. Denne retten heiter dermed: Nypoteter frå ordførar Gloppestad- fylt med krema heimelaga røykelaks, purre, lokale urter og eple-/senneps-vinaigrette. Våre fantastiske bønder er flinke til så mangt! Og vi syns det er flott at vi har ein arbeidande bonde til å styre fylkets største jordbrukskommune. Tilberedning av vekas kvite fiskefangst. Denne varierar frå veke til veke, og kjem også frå Brødrene Larsen. Her er det uer som fresar i godt smør. Serverast med purrekrem, vårlauk, reddikar, sukkererter, chips og raudvinsreduksjon. Hjort og lam frå Gloppen. Desse to råvarene er favorittar på fleire av våre menyar, og særleg på haustmenyen. Vi fekk lamma inn frå fjellbeite forrige veke, og har store planar om fleire kulinariske høgdepunkt utover hausten med denne flotte råvara. Dei første hjortane vart også nettopp levert, og skal brukast på a la carte menyen samt i gryter og ikkje minst, våre populære hjortekaronader og hjortemorr. Her ser de til venstre hjort frå våre lokale jegarar med potet-/pastinakk-stuing, kompott av raudlauk og eple frå Gloppen, kantarellar og saus av lokale solbær. Til høgre ser de lammeskank braisert i hotellets eige brygg, potetpuré med heimelaga bacon, soltørka tomat, norske rotfrukter og braiseringssjy. Dette er rømmesurra aure frå Jølster. Serverast med smørsteikt nykål, sylta ruadbetar og nypoteter. Det smakast og nytast. Til høgre ser de ein annan favoritt; Okse frå Anton Kleppe på Breim. Den serverast med honningbakt pastinakk, bakte cherrytomatar, nypoteter og madeirasaus. Så er det straks tid for finalen; dessertar…Fløyterand er ein god gammal tradisjonsrett som vi gjerne serverar her på huset. Denne har smak av lime, marinerte bringebær frå Gloppen og pistasjeknekk. Ei frisk og god avslutning på måltidet. Ein kvar meny med respekt for seg sjølv inneheld sjokolade. Og denne varianten er heilt himmelsk; mørk sjokolademousskake med heimelaga sorbet av epler frå Gloppen og hasselnøttsnø.
Hjarteleg velkomne til Restaurant Stovene i haust, de kan lese heile menyen her.
Vi serverar a la carte mandag til laurdag mellom kl 13:00 og 22:00 og søndagar mellom kl 13:00 og 20:00.