Romantikken lever her på Gloppen Hotell, og i sommar har vi som vanleg hatt bryllaup omtrent kvar einaste helg- Det er så kjekt!
Ein av dei dagane vi hugsar ekstra godt var bryllaupet til Elisabeth Bergesen og Asle Arnestad. Ei nydeleg vigsle ute i vår eigen hage, med påfylgjande middag og kaffi i teltet.
Dette paret er vanlegvis busett i Bergen, men hadde bestemt seg for å vende tilbake til Asle sine røter her på Sandane til denne viktige dagen. Vi har vore så heldige å få dele nokre av bildene, tatt av Runar Sandnes, veldig flink fotograf her frå Gloppen. Enkelte bilder er tekne av bryllaupsgjestene. Tusen takk for at de deler dykkar store dag.
Teltet var pynta og dekka opp etter alle kunstens reglar til dette koselige lille bryllaupet på vel 40 gjester. På menyen sto det kamskjell frå Kalvåg, hjortebiff av lokal hjort og sjokoladefondant. I hagen var det sett opp stolar til gjestene, stasstolar til brudeparet, midtgang og eit lite alter til presten. Det var eit nydelege augeblikk når brura gjekk ned midtgangen til vakre tonar, der presten venta foran tende lys.
Eit lykkeleg brudepar etter vigslingaEtterpå var det tid for fotografering, og det foregjekk i Jølet, på Norfjord Folkemuseum. Dette er ein populær plass å ta bryllaupsbilder, og kun eit par minuttar å gå frå hotellhagen. Vel tilbake kunne dei gå ut på den gamle hotelltrappa og motta applaus frå alle sine gjester og starte feiringa. Tusen takk for besøket- ein fantastisk gjeng som visste å skape den beste stemninga rundt feiringa.
Om du har lyst å vite meir om bryllaup på Gloppen Hotell, sjå her.