Quantcast
Channel: Gloppen Hotell
Viewing all articles
Browse latest Browse all 45

Ein ettermiddag ute på oppdrag

$
0
0

Bli med på ei av våre utflukter en fin septemberdag i Langedalen, Gloppen. Denne dagen var vi vert for Nordfjord Opplæringskontor si lærlingsamling og oppdraget var: sosialisering, street food og ut i naturen. Slik vart ettermiddagen:

Vel på plass oppe i Langedalen, i den koselege og godt oppvarma Busperstøva venta nysteikte natronkaker med brunost og heimelaga syltetøy. Eit heilt lam vart hengt på grillen og gjengen var klare for vår eigen sosiale aktivitet, Hotellmoro.

Fantastiske Busperstova er perfekt for grupper som vil gjere noko litt anna. Koseleg innreda, med kokemuligheter. Med fyr i Peisen vert det stemninga lun og fin. Det er noko reint magisk med denne plassen.

Aktivitetane besto blant anna av koffertdiskoskasting, treskistafett, balansepinne, krempisking for hand, knekkebrødtest og quiz.

Pisking av krem på tid, øksekast og koffertdiskoskasting.

Utfordrande quiz inne i hytta.

Det høyres enkelt ut å løfte og senke denne pinnen, men her må det til lagspel og god konsentrasjon!

 

Identifiser stykningsdelane på storfe og knekkebrødtest er to av oppgåvene.

Treskistafett. Klar, ferdig, GÅ! For eit engasjement. Vi er imponert over innsatsen! 🙂

Heia, heia!

Lammet nærmer seg ferdig grilla. Det luktar himmelsk! Pensla med urter frå Devik.

Mathias og Dag Håkon kan sine kunster. Perfekt grilla!

Kveldens måltid: Wrap med bitar av heilgrilla lam frå Gloppen, salat og heimelaga dressingar med urter frå Devik.
Enkelt og perfekt mat til ei slik anledning.

Lukta av nygrilla lam var heilt fortryllande.

Bodil hadde diska opp med tilslørte bondepiker og bringebærmusse. Sjølvsagt heimelaga med epler og bringebær frå Gloppen.
Alt i alt vart det ein fantastisk ettermiddag ute i frisk fjelluft, med god mat og smilande gjester.

Takk for turen Nordfjord Opplæringskontor! 🙂

Busperstøva ligg idyllisk til ved Langedalsvatnet og er til utleige for den som vil. Her er det båtar og kano/kajakk til utleige og ikkje minst flotte forhold for fiske.

Vi skreddarsyr gjerne eit opplegg som passar for deg og di gruppe. Aktiviteten held vi også i vår eigen hotellhage, der vi i tillegg kan legge til koffertdiskoskasting og balansekunst på sykkel.

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 45