Quantcast
Channel: Gloppen Hotell
Viewing all articles
Browse latest Browse all 45

Bryllaup i hagen

$
0
0

Romantikken lever her på Gloppen Hotell, og i sommar har vi som vanleg hatt bryllaup omtrent kvar einaste helg- Det er så kjekt!
Ein av dei dagane vi hugsar ekstra godt var bryllaupet til Elisabeth Bergesen og Asle Arnestad. Ei nydeleg vigsle ute i vår eigen hage, med påfylgjande middag og kaffi i teltet. _mg_2170

Dette paret er vanlegvis busett i Bergen, men hadde bestemt seg for å vende tilbake til Asle sine røter her på Sandane til denne viktige dagen. Vi har vore så heldige å få dele nokre av bildene, tatt av Runar Sandnes, veldig flink fotograf her frå Gloppen. Enkelte bilder er tekne av bryllaupsgjestene. Tusen takk  for at de deler dykkar store dag.

DSC_4418 Alle blomsteroppsatser er laga av dei flinke folka på Vereide Blomster DSC_4419 _mg_2132

Teltet var pynta og dekka opp etter alle kunstens reglar til dette koselige lille bryllaupet på vel 40 gjester. På menyen sto det kamskjell frå Kalvåg, hjortebiff av lokal hjort og sjokoladefondant. DSC_4361I hagen var det sett opp stolar til gjestene, stasstolar til brudeparet, midtgang og eit lite alter til presten. Det var eit nydelege augeblikk når brura gjekk ned midtgangen til vakre tonar, der presten venta foran tende lys.

Stolar flytta ut i hagen frå Peisestova. _mg_3530 _mg_2160 _mg_2163 _mg_3561 _mg_3586 _mg_3540 _mg_2241

Eit lykkeleg brudepar etter vigslinga_mg_3596Etterpå var det tid for fotografering, og det foregjekk i Jølet, på Norfjord Folkemuseum. Dette er ein populær plass å ta bryllaupsbilder, og kun eit par minuttar å gå frå hotellhagen. Vel tilbake kunne dei gå ut på den gamle hotelltrappa og motta applaus frå alle sine gjester og starte feiringa. Tusen takk for besøket- ein fantastisk gjeng som visste å skape den beste stemninga rundt feiringa.

Brurefølget på vei til fotografering _mg_3632 _mg_2264 Så var det tid for å skride ut på hotelltrappa og motta applaus frå gjestene _mg_2323 _mg_2175 _mg_2178 ...og ein god skål med blanta anna eplemost frå Hauge Middag i teltet Det tradisjonelle gruppebildet på hotelltrappa - for ein herleg gjeng!

Om du har lyst å vite meir om bryllaup på Gloppen Hotell, sjå her.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 45